Lærdal Musikklag

Skotårskarneval 29.februar 2020

I anledning skotår vert det arrangert ei heilafta ved Lærdal Ferie- & Fritidspark. Her vert det underhaldning og moro for små og store

Fyrste akt vil vere eit karneval akkompagnert av musikalsk underhaldning ved Lærdal Musikklag. Her vert det framsyning av alle utkledde , og juryen føretek ei høgtidleg kåring av dei beste og mest kreative kostyma. Mange flotte prisar og premiar.

Andre akt er det dei lokale kult-heltane i FOX/Longhorn som skal stå for. Dei tek føre seg si historie i lokal-musikken, og fortel om historia rundt banda som me har bevitna i mange 10-år. Dei starta i 1960-åra, og vart heidra med Kulturprisen i 2019. Ei eineståande blanding av gode historiar og musikk som alle kjenner igjen og har eit forhald til.

Etter dette er baren open til 01.30. Musikk over anlegg.

Program:
17.00-19.30: Karneval og underhaldning ved Lærdal Musikklag
20.00-23.00: Ei musikkhistorisk hyllest av Longhorn
01.30: Lokala stengjer

- Det vert loddsal til inntekt for Lærdal Musikklag. Mange flotte premiar.
- Premiering av dei beste/mest krative kostyma.
- Sal av kaker og mat til inntekt for klassetur 9. klasse.  

Inngangsbillettar kan kjøpast på førehand eller i døra. Prisar:

Karneval
Utkledde born: Gratis
Born / vaksen: 50,- / 100,-

Konsert inkl. karneval
Born / vaksen: 100,- / 250,-