Lærdal Musikklag

Feststund i Lærdal kulturhus 15.februar

Lærdal musikklag og Billa and the Kid
Billa and the Kid
Billa and the Kid
Gunnar og Suzan i duett
Gunnar og Suzan i duett
Lærdal musikklag og dirigent Suzan Erens
Lærdal musikklag og dirigent Suzan Erens

Kunngjering frå Billa and the Kid si FB-side:
 

"Det vart ei feststund for Billa and the Kid, Gjest Ingeson Kvåle og Inge Ronny Kvåle i Lærdal kulturhus laurdagskvelden. Først var dei oppvarmingsband for Lærdal Musikklag, so fekk dei spela med det gode musikklaget under leiing av dirigent Suzan Erens. Tom Karlsrud hadde arrangert to av songane, "Der Lauvet Aldri Fell Frå Grein" og "Vkahuset" på meistarleg vis. Billa og trommeslagar Elle var begge nøgde:
- Det beste med Billa and the Kid er evna til å bruka dialekt i songane, seier Elle i ein kort kommentar. - Mitt personlege høgdepunkt var songen "Bida i natt", ein vakker duett mellom Suzan og Gunnar, seier Billa.
Billa and the Kid takkar musikklaget, organisator Magnhild Aspevik og alle frammøtte for ei fin stund. Takk òg til Matthias Paetzel som fotograferte."