Lærdal Musikklag

Karneval 2020

Lærdal musikklag
Juryen og premierte
Juryen og premierte
Stor stemning i teltet
Stor stemning i teltet

Lærdal musikklag takkar alle for nok eit vellukka karneval, det fjerde i rekka som musikklaget pleier å arrangert på skotårsdagen!

 

Lærdal Ferie- og Fritidspark varma opp og opna det fine store teltet sitt til Karneval 2020. Vinden var kraftig denne kvelden, så det ruska og klakka bra!

Den kraftige vinden var ikkje til hinder for at lærdølen kom til karneval. Små og store kosa seg med god karnevalsmat, korpsmusikk og lotteri.
Ein jury, som besto av ordførar Audun Mo, rektor Solveig Grøtte og Kristen Olav Grøttebø, hadde ein vanskeleg jobb med å plukka ut kven av dei utkledde som skulle premierast. Det var mange og kreative kostymer!
Lærdal musikklag takka alle for at dette vart ein minnerik kveld i korpset sitt nittifemte år. Spesielt takkar me juryen for innsatsen. Me takkar og for gåver til premiar og gevinstar. 

 

Ikkje minst, ei stor takk til Even, for at me fekk arrangere karneval i teltet. Takk og for rausheit til å ha lotteri og kafè til inntekt for korpskassa og klassekassa.


Lærdal musikklag