Lærdal Musikklag

Korpsseminar i FLåm

Øvingslokale
Torunn Vethe Gram og instruktør Åge Jan studerar notane
Torunn Vethe Gram og instruktør Åge Jan studerar notane
Ivrige musikantar
Ivrige musikantar
Når me er i Flåm, må ølet på Ægir smakast!
Når me er i Flåm, må ølet på Ægir smakast!

Me kan legga skulda på Koronapandemien for at Lærdal musikklag, saman med medlemmar frå Flåm musikklag, fekk ei fantastisk øvingshelg i samfunnshuset i Flåm helga 11.-13. september. 
 

Korpset hadde i lang tid planlagt tur og seminar med korps i Trondheim. Denne turen måtte me, som alt anna i 2020, kanselere. Turnemnda i korpset fekk då i oppdrag å arrangere seminar lokalt i Sogn. Valget fall på Skjolden hotell, men jammen stengde dei ned hotellet før tida, på grunn av korona!
Den snartenkte turnemnda, fekk då istand seninaret i Flåm. 

Åge Jan Barlund vart leigd inn som instruktør. Han var ein knakande god instruktør og dirigent. Det vart mange nyttige tips og aha-opplevingar for dei ivrige musikantane. Me ynskjer fleire seminar med Åge Jan, det var svært så vellukka, og kan anbefalast for andre korps.

Me var og so heldig at musikkens venner i Flåm musikklag serverte  oss god lunsj både laurdag og søndag. Stor takk til dei.

Etter planen skal noko av den fine musikken me øvde inn på seminaret, framførast på konsertar i slutten av oktober, om ikkje pandemien set ein stoppar for det også!