Lærdal Musikklag

Dei fyrste åra

Kaffitur til Hedler ca 1925-26.
Kaffitur til Hedler ca 1925-26.
17. mai 1929
17. mai 1929
Bilde 1: 17.mai midt på 30-talet. Bildet er teke ved Hansekloppi.
Bilde 1: 17.mai midt på 30-talet. Bildet er teke ved Hansekloppi.
17.mai toget 1945 i Øyragata.
17.mai toget 1945 i Øyragata.

OPPSTARTEN

Det vart prøvd å starta opp musikklag i 1916, men oppslutnaden var då ikkje stor nok. Det gjekk mange år, og etter kvart kom eit påtrykk frå folk i bygda om å få i gang eit musikklag. Interessa var stor, og 1.april 1925 vart Lærdal Musikklag eit faktum.

Den fyrste dirigenten til musikklaget var Alf Ousen. Han var frå Levanger i Trøndelag, og arbeidde som provisor ved Lærdal apotek.

Olav Hundshammar var musikklaget si eldsjel i starten. Det vart fortalt at han kjøpte instrument utan pengar, for så i etterkant laga i stand basar for å få inn pengar å betala dei med. Det vart nytta ulike metodar for å skaffe inntekt til musikklaget. Det vert fortalt at det vart kjøpt instrument for ei kvart tønne spekesild. Banken i Lærdal var òg ei viktig kjelde til finansiering.

GULLALDEREN.

"Gullalderen" til Lærdal Musikklag dei fyrste åra var 1935 - 1940. Julius Woldsdal frå Bergen var i Lærdal som instruktør på midten av 30-åra, og han hadde stor innverknad for den vidare drifta av laget. Woldsdal var instruktør for fleire korps her i distriktet, og til fleire av korpsa komponerte han marsjar. Til Lærdal Musikklag skreiv han Lærdalsmarsjen.

17.MAI

Øvingane hadde korpset i denne tida i ungdomshuset. Dei fekk låna huset gratis mot å spela 17.mai, og på eit par festar som ungdomslaget arrangerte i året. Den fyrste marsjøvinga dei skulle ha før si fyrste 17.mai speling, hadde korpset ute i Habna-vegen. Det var eit ynsje om å vera langt frå folk når ein skulle øva på marsjering. Av melodiar som den gongen vart spelt kan nemnast Sjødronningen og eit potpurri over norske folkemelodiar.

Under krigen låg drifta av korpset naturleg nok nede, men frå hausten 1944 og fram til 1947 blomstra laget oppatt. Etter krigen var opptimismen stor og korpsinteressa hadde god grobotn etter mange år i dvale. Etter 1947 gjekk det derimot dårleg for musikklaget. Mange av medlemane flytte ut, nokre tok til på skule og andre fekk seg arbeid i andre kommunar. Lærdal Musikklag kom ned i ein bøljedal.