Lærdal Musikklag

Musikklag i sin beste alder

Frå 85-års jubileet
Frå 85-års jubileet
Frå 85-års jubileet
Frå 85-års jubileet
Frå 85-års jubileet
Frå 85-års jubileet
Frå 85-års jubileet
Frå 85-års jubileet

Lærdal musikklag 80 år i 2005

80 år kan sjølvsagt ikkje rundast i det stille, i alle høve ikkje når ein er eit musikklag i sin beste alder. Musikklaget inviterte til jubileumskonsert i Kulturhuset 2. april. På denne konserten deltok Årdalstangen musikklag og skulekorpsa i Lærdal. I tilleg hadde korpset med seg Steinar Kvigne, Espen Bakketeig og Siv Hovland med song, Jan Frode Hellebø på bass og Øyvind Hamre styrte lyden.

"Eit bygdalag utan korps er som elvi utan laks" sa ordførar Knut O Aarethun som leia eit fullsett kulturhus gjennom konserten. Aarethun er sjølv gamal musikant, og spela med sin kornett på eit av nummra til korpset. Konserten vart avslutta slik den starta med marsjen "Lærdølen", komponert av Audun Takle og arrangert for korps av Tom Karlsrud.

Kvelden vart avslutta med middag på Laksen saman med Årdalstangen musikklag.

85-ÅRS JUBILEUM

Lærdal musikklag runda 85 år i 2010. Dette vart feira med kyrkjekonsert i Hauge kyrkje laurdag 20. mars. Til trompetfanfare frå galleriet marsjerte korpset inn i kyrkja, flott opning og lista var lagt. Leiar i musikklaget Lars Øyvind Vikesland ynskte velkommen til ettermiddagskonsert, og gav ordet vidare til programleiar og tidlegare medlem av korpset, Knut O Aarethun.

Marsjar, jazzinspirert musikk, pop, salmar og ein minisymfoni var på repertoaret denne ettermiddagen. Dirigent Lars Einar Bakketeig er flink til å finne melodiar litt utanom det som er «vanleg» for korps. Leiar Lars Øyvind Vikesland og korpsmedlem Sigrid Lysne tok publikum med seg på ei reise gjennom musikklagets innhaldsrike historie frå 1925 og fram til i dag. Om kronerulling til instrumentkjøp, dirigentar opp gjennom åra, og ikkje minst personar som har vore sentrale musikantar i korpset. Ein av dei Olav Henriksen, den einaste attlevande av korpsveteranane, var med på konserten denne ettermiddagen.

Etter konserten var det festbuffé på Håbakken kro. Det var inviterte gjester frå Lærdal songkor, Flåm musikklag, Årdalstangen musikklag og representantar frå kommunen.