Lærdal Musikklag

Foto til Lærdalskalenderen 2018

Bli med å marknadsføra den vakre bygdi vår

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte.
 
Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne bilete. Me ynskjer motiv frå kommunen vår frå alle årstider. Det kan til dømes vera natur, landskap, bygningar eller ulike hendingar som er typiske for Lærdal. Bilete som vert brukt, vert premierte med 500 kroner kvar. Framsidebiletet vert premiert med 1000 kroner.
 
Frist for innsending av bilete til Lærdalskalenderen 2018 er sett til 25. april 2017.
Me ynskjer liggande, digitale bilete som kan sendast til laerdal.musikk@gmail.com
Me ber om namn, adresse og kontonummer på kvart innsende bilete.
 
Ein jury med representantar frå begge laga og begge verksemdene vil velja ut bileta som skal brukast i kalenderen.
 
Til kalenderen i 2018 ynskjer juryen å prioritera bilete frå alle dei fine og spektakulære turmåla i den vakre kommunen vår. Juryen ynskjer og bilete i nye/andre vinklar av kjende bygningar og kulturmiljø.
 
Lukke til med fotograferinga!


Lærdal idrettslag
Lærdal musikklag