Lærdal Musikklag

Nytt korpsår med Lærdal musikklag

Lærdal musikklag startar opp att med øvingane tysdag 9.januar. Korpset har øving kvar tysdag, og øvingane er i musikkrommet på Lærdalsøyri skule frå kl 18.30 til kl 21.00.

2018 er Korpsenes år, og Lærdal musikklag skal sjølvsagt  markera dette.

På programmet til korpset står mellom anne vårkonsert, speling 1. og 17. mai. Me skal ha utekonsert på Mjølkeflaten og konsert i samband med Lærdalsmarknaden.

Vonar me kan gleda mange med fin musikk i  år også. Kom og høyr på oss, eller kanskje du har lyst til å bli med å spela?