Lærdal Musikklag

Julekonsert i Hauge kyrkje tysdag 10.desember

Den tradisjonelle julekonserten i Hauge kyrkje vert i år arrangert av Lærdal musikklag.

Det blir eit variert program med kjende og kjære julemelodiar, nokre med fart og sving og fine balladar. Publikum kjem og til å få høyra julemusikk som er av nyare dato, og sjølvsagt vert det allsong.
Med på konserten vert Lærdal songkor, elvar frå Lærdal kulturskule og Lærdal trekkspelklubb.
Lærdal musikklag sin dirigent Suzan Erens, vil framføra nokre vakre melodiar du ikkje må gå glipp av.

Fri inngang – me vonar likevel at publikum gjev ein slant til korpskassa!
Tid: tysdag 10.desember 2019 kl 18.30
Stad: Hauge Kyrkje


Lærdal musikklag