Lærdal Musikklag

Fin konsert på Mjølkeflaten

Konserten på Mjølkeflaten 2021, vart den fyrste annonserte spelinga for musikklaget i 2.koronaår.

 

 

Omlag 40 personar tok turen ut i den fine vårkvelden.
Turlaget var som vanleg medarrangør, men koronapandemien sette ein stoppar for den tradisjonelle serveringa.

Natursti vart det, med fine permiar frå Lærdal kino, Lærdalsøren Gjestehus og Lærdal grønt, til heldige vinnarar. Me takkar for premiane og for deltaking på konsert og natursti.

Velkommen att til neste år, forhåpentleg vis utan koronarestriksjonar!

 

Lærdal turlag og Lærdal musikklag