Lærdal Musikklag

Foto til Lærdalskalenderen 2024

Frist for innsending av bilete til Lærdalskalenderen 2024 er sett til 10.mai 2023. 
Bileta må ha 
liggande format og vera digitaltale. Send bileta til laerdalskalenderen@gmail.com

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte.

Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne bilete. Me ynskjer motiv frå kommunen vår frå alle årstider.

Bilete som vert brukt, vert premierte med 500 kroner kvar. Framsidebiletet vert premiert med 1000 kroner.
 

Frist for innsending av bilete til Lærdalskalenderen 2024 er sett til 10.mai 2023. Bileta må ha liggande format og vera digitaltale. Send bileta til laerdalskalenderen@gmail.com

Me ber om bilettekst, namn og kontonummer på fotograf på innsende bilete.

Ein jury med representantar frå begge laga vil velja ut bileta som skal brukast i kalenderen.

Lukke til med fotograferinga!

Lærdal idrettslag
Lærdal musikklag


Takk til sponsorane våre Lærdal Energi og Sogn Sparebank