Lærdal Musikklag

Skotårskarneval på Lærdalsøyri skule

Torsdag 29.februar 2024 skipar Lærdal musikklag til karneval.

Me inviterer alle sambygdingar, store og små, gamle og unge, til årets hending i storstova på Lærdalsøyri skule. Finn fram parykken eller tuper håret, leit i skuffer og skåp etter klede frå førre århundre. Kanskje dukkar det opp ei maske og! Det vert premiering av dei best utkledde og gratis drikke til utkledde born.

Sjølvsagt vert det og korpsmusikk med feiande rytmar!

9. klasse sel karnevalsmat og drikke.

Tid: torsdg 29.2.2024 kl 18.00
Stad: Lærdalsøyri skule - storstova

 

Håpar me ser deg og ikkje kjenner deg att før maskefall!!

Gratis inngang.

 

Arr: Lærdal musikklag