Lærdal Musikklag

Tid for innsending av bilde til Lærdalskalenderen

Som tidlegare år innbyr me publikum til å vera med å forma Lærdalskalenderen med eigne bilete. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra den vakre kommunen vår.

Me ynskjer bilde med motiv frå heile kommunen og frå alle årstider. I høve Lærdal musikklag sitt 100-årsjubileum i 2025, ynskjer me eit korpsfoto til framsida.

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal Idrettslag og Lærdal Musikklag der inntektene frå salet i sin heilheit går til laga. Kalenderen vert produsert med økonomisk stønad frå Lærdal Energi og Sogn Sparebank.

Bilete som vert brukt, vert premierte med 500 kroner kvar. Framsidebiletet vert premiert med 1000 kroner. 

Frist for innsending av bilete til Lærdalskalenderen 2025 er sett til 15.august 2024. 

Bileta må ha liggande format og vera digitaltale.
Send bileta til laerdalskalenderen@gmail.com
Me ber om bilettekst, namn og kontonummer til fotograf på innsende bilete.

Ein jury med representantar frå begge laga vil velja ut bileta som skal brukast i kalenderen.

Lukke til med fotograferinga!


Lærdal Idrettslag
Lærdal Musikklag