Lærdal Musikklag

Korpskonsert på Mjølkefalten 27.mai

Lærdal turlag og Lærdal musikklag skipar til kveldstur med korpskonsert på Mjølkeflaten. I år vert konserten tysdag 27. mai.


Konserten startar kl 18:00. Det tek om lag 30 minutt å gå til Mjølkeflaten, som er eit fint turmål like ved Lærdal sentrum.

Nytt høvet til å vitja dagsturhytta på Mjølkeflaten. Startpunkt er frå Stødno eller Hedlerbrua.

Det vert natursti med spørsmål for alle med startar frå Hedler kl 17:15.
I år har spørsmål fokus på at Vestnorsk fjordlandskap vart skrive inn på UNESCO si verdsarvliste for framifrå naturverdiar. Lærdal har Bleia Naturreservat, og Bleia – Storebotn landskapsvernområde i verdsarvområde.
 

Ta med naboen og kom på Mjølkeflaten til ei triveleg samkoma i friluft med både trim korpsmusikk og fuglesong!

 

Vel møtt til store og små :-)

 

Arr: Lærdal turlag og Lærdal musikklag