Lærdal Musikklag

Foto til Lærdalskalenderen 2020 - frist 1.mai 2019

Bli med å marknadsføra den vakre bygdi vår – foto til Lærdalskalenderen

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte.

Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne bilete. Me ynskjer motiv frå kommunen vår frå alle årstider. Det kan til dømes vera natur, landskap, bygningar eller ulike hendingar som er typiske for Lærdal. Bilete som vert brukt, vert premierte med 500 kroner kvar. Framsidebiletet vert premiert med 1000 kroner.
Siste frist for innsending av bilete til Lærdalskalenderen 2020 er sett til 1.mai 2019. Me ynskjer liggande, digitale bilete som kan sendast til laerdal.musikk@gmail.com  Me ber om namn, adresse og kontonummer på kvart innsende bilete.

Ein jury med representantar frå begge laga vil velja ut bileta som skal brukast i kalenderen.
Lukke til med fotograferinga!

Lærdal idrettslag
Lærdal musikklag

Takk til sponsorane våre Lærdal Energi og Sogn Sparebank som gjer det muleg for oss å trykke kalenderen.