Lærdal Musikklag

Julekonsert i julegåve frå Lærdal musikklag

Julesteming

Publikum som vitjar Hauge kyrkje fredag 15. desember får ein julekonsert med eit variert, juleprega og allsidig program.

Konserten starta kl 18.00. Gratis inngang.

– Publikum får høyra og oppleva kjende og kjære julemelodier – dei aller fleste norske, men me har og «lånt» «Himlen i min favn» av Carola Häggkvist. Koret har også nokre engelske, men godt kjende julemelodiar.
 

Lærdal songkor og Musikklaget arrangerer kvart år julekonsert i førjulstida. Me vekslar på å ha ansvar for konserten, og i år er det altså Lærdal Musikklag sin tur.

– Under konserten vil publikum få oppleva lokale solistar, elevar fra kulturskulen, songkoret, musikklaget, urframføring av «Julesong»  der Jostein Avdem Fretland står for tekst og melodi medan Marita Vangen Bratteteig syng.

– Vår eigen Suzan Erens har vokal i «Himlen i min favn» og «Nordnorsk julesalme». Kulturskuleelevar syng «Eg har ein draum» og Synne Bentås spelar piano i «Comptine d’un autre ete - l’apres-midi». Elles er me litt spente på korleis allsongen blir motteken.

Arbeidet med programmet til julekonserten startar allereie i august – september, øvinga på musikken tek mesteparten av tida i oktober, november og desember fram til sjølve konserten.

– Me håpar og trur på «stinn brakke» ! For Musiklaget er dette ein stor og viktig konsert; me legg ned ein god del jobb for å få til ei god oppleving for publikum. Vidare håpar me at dei som kjem og høyrer på oss har fått ein smak av julestemning når dei går ut av kyrkja, og at konserten har gitt eit lite pusterom i julestria.
 

Lærdal Musikklag vil gjerne gje konserten som julegave til publikum, derfor er det gratis inngang. Me tek gjerne imot ein skjerv ved utgangen frå ei som ynskjer å støtta korpset.


Lærdal Musikklag er veldig heldige som har ein så dyktig og kreativ dirigent i Suzan Erens, ho har sett saman programmet og øvd musiken inn med oss.
Me gledar oss til konsert.

 

Velkommen!