Lærdal Musikklag

Lærdal Musikklag

Me er eit amatørkorps med janitsjarbesetning.
Musikklaget har faste speleoppdrag i lokalmiljøet, som 1. og 17.mai, Lærdalsmarknaden/haustmarknaden, julegateopning og julekonsert m.m. Me deltek på konsertar saman med andre korps og arrangerer eigne konsertar.

Dirigenten vår heiter Suzan Erens.

Me har øving 1 gong i veka, tysdagar frå kl. 19.00 til kl 21.00  i musikkrommet ved Lærdalsøyri skule.

Kom gjerne på øving!