Friluftskonsert på Mjølkeflaten 25.mai
Lærdal turlag og Lærdal musikklag skipar til kveldstur med korpskonsert på Mjølkeflaten. I år vert konserten tysdag 25. mai kl 18.00.
Det tek om lag 30 minutt å gå til Mjølkeflaten, som er eit fint turmål i Lærdal sentrum.
Nytt høvet til å vitja Mjølkeflathytta og til å gå på utbedra sti fra Hedler! Startpunkt er frå Stødno eller Hedlerbrua.
Det vert natursti med spørsmål for alle med startar frå Hedler bru mellom 17:15 og 17:45.
Ta med naboen og kom på Mjølkeflaten til ei triveleg samkoma i friluft med både trim korpsmusikk og fuglesong!
Vel møtt til store og små :-)
NB: hugs gjeldande koronoreglar
Arr: Lærdal turlag og Lærdal musikklag