Lærdal Musikklag

Vegen vidare

Speling ved sjukehuset 17.mai 1974: Eivind Einemo, Søren Lem og Kristian Kristoffersen.
Speling ved sjukehuset 17.mai 1974: Eivind Einemo, Søren Lem og Kristian Kristoffersen.
Oppmarsj ev sangstemna fyrst på 80-talet.
Oppmarsj ev sangstemna fyrst på 80-talet.
17.mai på 80-talet.
17.mai på 80-talet.

Musikklaget nede i ein bølgjedal

På slutten av 50-talet var det liten aktivitet i laget. Møteboka er ikkje mykje brukt mellom 1957 og 1974, så mykje tyder på at aktiviteten i denne perioden har vore låg. Skulekorpset var i drift på denne tida slik at det likevel var korpsmusikk i bygda. I byrjinga av 70-talet var John Magne Kaardal dirigent, noko som gjorde til at fleire etter kvart vart med. Dette var ikkje noko strukturert musikkgruppe, men frå 1975 kom aktivitetane i fastare rutiner.

På 80-talet var laget nok ein gong inne i ein tung periode. Frammøte på øvingane var varierande, noko som gjorde det vanskeleg å utføra øvingsøktene og å øva inn nye melodiar. Det vart gjort fleire ulike tiltak for å få igang faste og stabile øvingar. Brev til tidlegare medlemmar, annonse i lokalavisa, og ein la øvingskvelden til fredag, slik at ungdom som gjekk på skule i andre kommunar kunne delta. Etter fleire år med låg interesse for korpset, vart styret einige om at ein fekk venta og sjå om ikkje interessa tok seg oppatt seinare.

UNGDOMSKORPS

I samarbeid med musikkskulen vart det ved eit par høve
(-87 og -89)forsøkt å pusta litt meir liv i musikklaget. Tanken om å kalla Lærdal Musikklag for ungdomskorps vart diskutert. Kanskje kunne dette vere med på å auka interessa for korpset, men det vart inga namneendring. På dei tradisjonelle spelingane i maidagane og ved julehøgtida fekk musikklaget "låne" ein del av dei eldste medlemmane i skulemusikken.

60-ÅRS JUBILEUM

I 1985 feira musikklaget 60-års jubileum, med konsert og fest. På denne markeringa fekk desse NMF sin heidersmedalje for lang og tru teneste i korpset: Kristian Kristoffersen, Eivind Einemo, Odd Forthun, Olav Henriksen, Søren Lem og Karl Nesset.

Ingeborg Ulvik skreiv prolog til jubilèet. Ho var ein ivrig og aktiv tilhengar av korpset, og i prologen har ho fått med seg mange viktige poeng av det som har føregått opp gjennom åra.



   


 Prolog av Ingeborg Ulvik ved 60-års jubilèet Read file