Lærdal Musikklag

Vårvind

Speling ved rådhuset i samband med sykkelritt i -93
Speling ved rådhuset i samband med sykkelritt i -93
Avduking av Sæverudtavla i -93
Avduking av Sæverudtavla i -93
Opning av Norsk Telemuseum Lærdal i 1997.
Opning av Norsk Telemuseum Lærdal i 1997.

Ein ny "gullalder"

I byrjinga av 90-talet sleit ein framleis med å få nok folk til å ha eit fullverdig korps, og interessa for å vera med i skulemusikken var dalande. I 1992 var det eit hanglande skulekorps, og ikkje noko organisert vaksenkorps i bygda.

Det nærma seg maidagane, og det skulle arrangerast sykkel-NM i Lærdal. Nokre eldsjeler innan musikklivet i Lærdal m.a. Erling-Arvid Hovland sette i gang med å få i gang att musikklaget. Jan Olav Fretland og Tom Karlsrud tok kontakt med John Magne Kaardal og spurte om han ville vere med å dra igang att eit korps. Kaardal vart med, og korpset kom i gang under namnet "Vårvind". Her vart både unge og gamle korpsfolk med.

I ein overgangsperiode vart korpset heitande "Vårvind" når dei var ute i speleoppdrag, men administrativt vart namnet Lærdal Musikklag nytta. Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin standar for lover vart revidert, og søknad om opptak i Sogn og Fjordane krins av NMF vart sendt.

75-ÅRS JUBILEUM

1. aril 2000 feira Lærdal musikklag 75-års jubileum. Dette vart markert med stor konsert i Lærdal kulturhus med inviterte gjester. Lærdalsøyri skulemusikk spelte nokre nummer i lag med Lærdal musikklag då dei på dette tidspunktet talte berre tre musikantar. Vidare på konserten deltok Årdalstangen ungdomskorps, Borgund messinggruppe og Lærdal songkor.

Lærdal musikklag framførde nokre musikkstykkjer der tidlegare dirigentar som John Magne Kaardal, Gunn Hauge og Jan Olav Fretland fekk prøva seg med taktstokken att. Det vart og framførd eit spesial arrangement av "The new Millenium" der Siv Hovland og Oddgeir Øren song saman med Lærdal musikklag, Kari Grethe Lysne var solist på fløyte.

Songkoret og alle korpsa avslutta med "Amasing Grace" der Siv Hovland var solist på song og Elle Hovland spela trekspel.

Etter fullført konsert i Lærdal kulturhus, var det festmiddag med dans for inviterte gjester på Offerdal Hotell. Her tok nokre eldre korpsmedlemmar, Olaf Henriksen, Eivind Einemo og John Magne Kaardal, utfordringa og gav oss mange gode historiar frå gamle dagar.

   


 Prolog til 75-års jubilèet Read file