Lærdal Musikklag

Lærdal musikklag 17.mai

Lærdal musikklag spela ved Lærdal sjukehus. Foto: Margun Thue

Musikklaget hadde ein fin nasjonaldag i nydeleg ver i vakre Lærdal.

Me starta dagen med må spela ved Lærdal sjukehus, her fekk me god kake etter avslutta speling.
Vidare gjekk turen til Øyri for deltaking i folketoget. Me spela og nokre melodiar ved Lærdal bu- og omsorgsheim når toget stoppa det. Etter tog på Øyri gjekk turen vidare til Borgund. Her fekk me servert mat og drikke før me spela i toget på Borgund.

Jermund var, som vanleg, vår trygge sjåfør. Stor takk til han!