Lærdal Musikklag

Korpskonsert på Mjølkeflaten

Tysdag 28.mai kl 18.00

Lærdal turlag og Lærdal musikklag skipar til kveldstur med korpskonsert på Mjølkeflaten. I år vert konserten tysdag 28. mai.

Konserten startar kl  18:00. Det tek om lag 30 minutt å gå til Mjølkeflaten, som er eit fint turmål i Lærdal sentrum. Nytt høvet til å vitja Mjølkeflathytta og til å gå på utbedra sti fra Hedler!  Startpunkt er frå Stødno eller Hedlerbrua.

Det vert enkel servering, korpsmusikk med Lærdal musikklag. Natursti med spørsmål for alle startar frå Hedler bru mellom 17:15 og 17:45.

Ta med naboen og kom på Mjølkeflaten til ei triveleg samkoma i friluft med både trim korpsmusikk og fuglesong!

Vel møtt til store og små :-)