Lærdal Musikklag

Lærdal Musikklag på stemne i Tynset juni 2017

Aukrustsalen
Konsert i Tynset kulturhus
Konsert i Tynset kulturhus
Innmarsj på stadion
Innmarsj på stadion

Etter at LM i den siste tida har hatt for  vane å reisa på utanlandstur anna kvart år, vart det no kasta fram tanken om kvifor me ikkje heller denne gongen kunne dra på eit korpsstemne der me fekk møta likesinna sidan det er agaslaust lenge sidan korpset har gjort akkurat det. For nokre har dei vel ikkje vore på korpsstemne sidan skulekorpstida, og det vart mimra om kor kjekt akkurat stemne var.

Tanken blomstra, og turnemndi  gjorde der ein framifrå jobb då dei kom i kontakt med Alvdal-Tynset Janitsjar som skulle ha stemne akkurat dette året. Nemndi  jobba iherdigt, og andre helgi i juni drog me avgarde tidleg fredags morgon. At me har ein stødig busskusk i våre rekker er sjølvsagt ein stor bonus som alle set stor pris på. Stødigare kusk skal du leita lenge etter, så difor vår største honnør til Jermund. Han hadde prikka inn kortaste vegen som gjekk over Filefjell med ein liten p- og r-pause på Beitostølen før me drog vidare over Valdresflya med lunch-stopp på Vågåmo. Då var det berre eit par timars køyring før me entra Tynset Hotell der eit lite østerdalstroll  tok i mot oss ved inngangen.

Etter middag der var det grepa konsert i Tynsethallen med vertane, før det bar avgarde til stor underhaldning med lokalt band, og delvis dans i Museumsparken resten av kvelden.

Etter frukostforing laurdagsmorgon måtte jo einskilde avgarde og svi av nokre kroner i handlesenteret og andre butikkar før oppmarsjen frå fleire kantar inn mot stemneplassen. Akkurat det var det suraste med heile turen, for det budleregna frå start til opningi var over. Deretter drog me avgarde til Alvdal der me skulle vera med to andre korps på konsert i Aukrust-senteret. Der sto sjølsagt Solan og Ludvig utanfor døri og tok i mot oss, dei kunne fortelja at dei hadde mange effektar innandørs som var verd og få med seg. Akkurat Flåklypa-salen var forholdsvis liten, men intim, så der hadde arrangørane plassert dei minste korpsi til konsert sidan scena ikkje var så stor. Ei kjekk oppleving som me følte me kom godt ifrå. Så var det festmiddag i Tynset Kulturhus med under- haldning av ein lokal cowboyprega gjeng som framførde diverse countrysangar på norsk og var skikkeleg cowboy-kledd samstundes som dei var servitørar under middagen. Festleg innslag. Var og litt kjekt at ein av våre musikantar trefte på ein av sine gamle lærarar under festen som ho hadde hatt på musikklinja på Manger Folkehøgskule for 30 år sidan. Virkar som det var kjekt for begge.

Søndag var me fyrste innslag på konserten i kulturhuset, der me fekk ros for at me hadde eit reportoar som roa ned nokre slitne arrangør-øyrer. Programvalget må me gje Suzan all æra for!
Så stappa me i oss lunchen før me tok på heimveg.

Sjølv om ikkje heile korpset hadde høve til å ta del i turen, var me godt spelbare,  og gjorde etter attendemeldingane godt inntrykk som me er godt nøgde med. Vertskorpset Tynset-Alvdal  hadde gjort gode førebuingar og sto fram som ein verdig arrangør av eit krinsstemne med oss og andre utanfrå fylket som gjestekorps. Om Tynset generelt vil me seia at dei verka som ein rik kommune, hadde store kultur-fasilitetar og verka velstelt på dei måtar me registrerte. To ting som me registrerte var at rådhuset med tre metallelgar på taket, som og er i kommunevåpenet deira, var kåra til området/landets styggaste, vart kalla for Brunosten, kva no meininga var med det ? Ein annan ting var at dei hadde verdas  største spark utstilt framfor Rådhuset. Dimensjonane kan du lesa på Google.

Ein fortreffeleg tur er Lærdal Musikklag einige om, som det er lagt fram ynskjer om å gjera meir av.