Historisk sus
I dag er det 95 år sidan Lærdal musikklag vart skipa, den gang var namnet til korpset
Lærdalsørens hornmusikk.
I formålsparagrafen til hornmusikken heiter det: «vis formål er å opphjelpe musikklivet på Lærdalsøren»
Olav Hundshammar var musikklaget si eldsjel i starten. Det vart fortalt at han kjøpte instrument utan pengar, for så i etterkant laga i stand basar for å få inn pengar å betala dei med. Det vart nytta ulike metodar for å skaffe inntekt til musikklaget. Det vert fortalt at det vart kjøpt instrument for ei kvart tønne spekesild. Banken i Lærdal var òg ei viktig kjelde til finansiering.
Det har vore oppturar og nedturar for korpset i desse 95åra. Under 2.verdskrigen var det lite aktivt. Frå 1990 og utover har korpset vore svært aktive og absolutt bidrege til «å opphjelpe musikklivet på Lærdalsøren».
No når korpset rundar 95 år, er det til liks med heile samfunnet, på sparebluss på grunn av koronapandemien.
Korpset sine medlemmar øver flittig med eigenøving heime, og er klar til innsats att, for musikklivet på Lærdalsøren.
Til lukka med dagen!