Lærdal musikklag og kornonamaispeling
Som alle andre i samfunnet denne våren, er Lærdal musikklag prega av koronapandemien.
Me har avlyst fleire konsertar og felles øvingar denne våre. Øvingane starta opp att so snart det let seg gjera.
17.mai var me rundt om å spela i bygdi og siste tysdagen i mai vart Mjølkeflatekonserten utanfor Lindstrøm hotel. Konserten vart ikkje annonsert, då det ikkje er lova å samla meir enn 50 personar. Og me forventa sjølvsagt mykje meir publikum enn det!
Korpset kjem til å ha fleire uanonserte konsertar før me tek sommarferi. Høyr etter oss!