Lærdal Musikklag

Valeria er Lærdal musikklag sin nye dirigent

Frilund er øvingslokale til korpset for tida

Valeria Hristova tok over dirigentstokken frå Suzan Erens i november 2020. Valeria er frå Bulgaria og no busett i Årdal. Ho er lærar i musikkskulen i Årdal, og spelar mange ulike instrument. Tverrfløyta er hovudinstrumentet hennar.

Me ynskjer ho velkommen til våre rekker, og til ein ny epoke i Lærdal musikklag.

Me er no i fullgang med å øva inn julemusikk me planlegg å spela på julekonsert i Lærdal kulturhus tysdag 15.desember.
Koronasituasjonen er ei utfordring for alle, og me kryssar fingarane for at me kan halda den planlagde konserten, sjølvsagt med alle smittevernreglar!