Lærdal Musikklag

Gåve til Lærdal musikklag

Gamla kopimaskina
Gamla kopimaskina
Johnny leverer ny kopimaskin
Johnny leverer ny kopimaskin

Kopimaskin for kopiering av notar er nødvendig i eit korps, so og for Lærdal musikklag.

Det er og slik at det er ikkje alt for mykje pengar til disposisjon i frivillige lag og organisasjonar. Difor vert investeringar utsett so lenge det let seg gjera. På førre styremøte vart det bestemt at no måtte me få tak i ny kopimaskin. Leiar tok kontakt med Johnny i Sogn kontorsenter og lurde på om dei hadde ei rimeleg brukt maskin til sals. – Eg har ei lite brukt ei som du kan få hjå meg, seier Johnny! Dette er maskiner som er utgått. Alle skal ha kopimaskin med fargekopiering no, så desse gamle svart-kvitt maskinene gjev me vekk til frivillige lag og organisasjonar. Me har fleire på lager om det er nokon som treng.
For Lærdal musikklag er dette ei perfekt maskin, og ikkje minst me fekk den. Tusen takk til Sogn Kontorsenter for ei fantastisk gåve.
I desse dagar er Lærdal musikklaget ut med skriv til aktuelle sponsorar. So no vonar me at bedrifter i Lærdal som gjer som Sogn kontorsenter, støttar Lærdal musikklag!