Lærdal Musikklag

1. mai speling

Me byrja fyrste dagen i mai med å spela ved Lærdal Ferie og Fritidspark. Me spela for turistane i tre kvarter.
Ein vil kunna sjå og høyra oss der, fleire gonger i løpet av sommaren.

Tradisjonen tru fekk me i år og speleoppdrag frå 1.mai komiteen i Lærdal. På grunn av helsemessige årsakar kunne ikkje korpset masjera 1. mai i år, og etter speling ved LFF stilte me oss opp ved coopen for å ta imot toget når det passerte.

Deretter gjekk turen vidare til Lærdal Alders- og sjukeheim. Der spela me til bebuarane som hadde kome ut, og til toget hadde passert.

Siste stopp for dagen var på tilstellinga som 1.mai nemnda arrangerte i Storstova ved Lærdalsøyri skule. Der spela me nokre marsjar og Internasjonalen. Som takk for oppdraget fekk me god betasuppe, kaffi og kaker.

VEL BLÅST ALLE SAMAN!

Det er svært beklageleg at me ikkje hadde mulegheit til å marsjere. Stort sett er det kun to marsjoppdrag me har i sesongen 1. og 17.mai. Musikklaget ynskjer veldig gjerne å stille opp på ulike arrangement, og det handlar aldri om vilje, men kapasistet. Me er få musikkantar, og helsemessige årsaker gjorde til at me kun var kapable til å spele ståande. Med fleire musikkantar i rekkene hadde me ikkje vore så sårbare. Det er difor ei oppfordring til ALLE i kommunen om å tørke støvet av all tvil, trø over dørstokken, og bli med oss. Om det er 100 år sidan du har spelt, er det ingen grunn til å la vera å byrja påa`n igjen. Musikklaget har plass til alle, uansett alder og musikalsk nivå. Me gjev gjerne opplæring og oppfrisking av notekunnskap og speleteknikk. Me er svært gode på det sosiale på øvingane og på evalueringar i etterkant av oppdrag.