Lærdal Musikklag

17.mai 2014

Gamlegata
Jermund, Mais, John, Rolf, Solgunn, Lisbeth og Torunn spelar
Jermund, Mais, John, Rolf, Solgunn, Lisbeth og Torunn spelar "Gud signe vårt dyre ferdeland" ved soldagrava.
Me spelar marsjar etter at toget er feredig
Me spelar marsjar etter at toget er feredig

Dagen byrja med kaffi og kaker i kantina på sjukehuset.

~~10:30 heldt me konsert ved bautaen. Nokon kom ut, og andre opna vindauga for å få med seg tonane frå musikkklaget. Me veit frå interne kjelder at dette er det mange som ser fram til.

Deretter var det oppstilling framfor Lærdal alders- og sjukheime, der toget skulle starta i år. Me spela nokre melodiar før avgang 11:45. Toget stogga ved bautaen, der det skulle leggjast ned krans. Tom Karlsrud kom og dirigerte oss gjennom "Fagert er landet". Vidare gjekk ferda mot Kvammegården, der spela me nokre marasjar, gjennomførde ein del av "Blaokodla" prosjektet saman med skuleelevar og Lærdal songkor, og leia ann allsangen. 

Så var det buss og privatbilar til Borgund, der fekk me som vanlig oppvarting med mat og drikke. Det gjorde godt i en svolten musikantkropp. Før toget gjekk spela med "Ja, vil elsker", og etter toget eit par marjsar.

kl 17:00 var det tale for dagen og kransepålegging ved soldatgrava ved Borgund stavkyrkje. Bussen kom opp att frå Lærdal med fire ivrige musikantar som var med tre Borgynder og spela. Så var dagens speleoppdrag over.

Tusen takk til Tom og Siv som tok hand om dirigentjobben denne dagen.

Og tusen takk til Jermund, John, Mais og Rolf som kom opp att og spela ved soldatgrave saman med Solgunn, Lisbeth og Torunn.