Lærdal Musikklag

Julestemning med korpsmusikk

Tenning av lys på juletreet ved Lærdal rådhus.

Fyrste søndag i advent vart lysa på julegrana ved Lærdal rådhus tent. Lærdal musikklag deltok tradisjonen tru. Ordføraren helt tale og elevar frå kulturskulen song julesongar. Julenissen kom med godtepose til borna.
Det var ein heller kald kveld på Øyri, så korpset heldt fram med speling av julesongar ved julemessa i kulturhuset.
Laurdag 1.desember spela musikklaget på Borgund til tenning av lys på julegrana ved samfunnshuset.
Sjå her:http://www.buiborgund.no/bygdanytt/julegrantenning-14.html