Lærdal Musikklag

Lærdal musikklag på turne til Frønningen

Lærdal musikklag er inne i jubileumsåret og driv med uteagerande konsertering.

Som ei avslutning på Lærdalsmarknaden 21.juni 2015, vart turen lagt til Frønningen. Med på turen var medlemer frå Flåm musikklag som hadde spelt til marknadsgudstenesta i Kvammegården. Og i tillegg fekk Lærdal musikklag ein musikalsk ven og kollega då me vitja Budapest i haust. Han vart invitert til marknaden og tok oss på ordet!

Det kan vere krevjande logistikk å frakte musikantar med store organ internt i eigen kommune, men ved å nytte oss av Fjord1 og med god støtte frå Fjord2 fekk me det til.

Det var mange turistar om bord, men ikkje fleire enn at det var plass til speling på bildekket, og desse fekk ein smakebit av repertoiret til musikklaget. Best likte dei nok Postgirobygget sin «En solskinnsdag».

I Frønningen rigga musikantane seg til på altanen i hovudhuset, medan fastbuande og nokre båtfolk kosa seg på plenen. Ein time med musikk som varierte frå Henning Sommerro via Herb Alpert til Queen gjekk som ein røyk, og i det fine veret vart det fleirtal for ekstranummer. Aldri har Gammel jegermarsj lete betre ved Midtfjords.

Etterpå fortalde Birger Lyngset levande og inspirerande om Frønningen, og synte rundt i nokre av dei gamle husa som Knut Rumohr har samla og teke vare på. Me tilreisande meska oss med spekemat, kaffi og hellekaker og hadde ei fin stund på, for dei fleste, ukjend mark.

90-årsjubilanten Lærdal musikklag har så langt i år, forutan jubileumskonserten i Lærdal kulturhus, spela i Borgund og på Mjølkeflaten, no i Frønningen og seinare vert det konsertar på Stavarekkja og i Erdal.

Ved dette høvet ynskjer me å takke frønningarane for at dei var med og la til rette for at me i korpset fekk ein uforgløymeleg dag.