Lærdal Musikklag

Dora David

Lærdal musikklag sin nye dirigent.

Dora er fødd i Budapest 1969. Ho utmerka seg som fløytist allereie som barn, og deltok som solist med ulike orkester i oppveksten både i heimlandet, Ungarn, og i utlandet. David valde å satse vidare på musikken og begynte på Bela Bartok musikkgymnas og seinare ved Franz Liszt akademiet. Etter dette gjekk vegen vidare mot Norden, og ho tok diplomutdanninga si ved Sibeliusakademiet i Helsinki, Finland. Ho hadde fleire solistoppdrag medan ho studerte i Finland, Tyskland, England, Ungarn og etter studiane var ho tilsett som solofløytist i Joensuu Symfoniorkester. Dora kom til Noreg hausten 1996 med jobb som distriktsmusikar i Nordland. Frå oktober 1998 til 2005 har ho arbeidd som distriktsmusikar i Høyanger kommune og etter det som freelance musikar i Bergen.


(Henta frå Sogn Kulturskule si heimeside)