17.mai 2013
Hipp hurra for 17.mai. Nydeleg vèr, festkledde, smilande folk i heile bygda. Kan det bli betre?
Ja, på nokre områder... Det var heilt på grensa til at korpset kunne marsjera i år. Med mobilisering enda me på 13 musikkantar som marsjerte, pluss to som stillte opp der me stod i ro og spela. Ved LAS, bautasteinen, Rådhusparken og ved Borgund Samfunnshus.
Me er svært glad for at me fekk det til. Det er heilt spesielt å kunne gå og spele i 17.maitoget saman med alle dei flotte borna og vaksne. Det gjekk i år, går det til neste år???
Me er få musikkantar, og ikkje alle kan vere med når me skal marsjere. Med fleire musikkantar i rekkene hadde me ikkje vore så sårbare. Me har sagt det før og seier det igjen: Me oppfordrar ALLE i kommunen til å tørke støvet av all tvil, trø over dørstokken, og bli med oss. Om det er 100 år sidan du har spelt, er det ingen grunn til å la vera å byrja påa`n igjen. Musikklaget har plass til alle, uansett alder og musikalsk nivå. Me gjev gjerne opplæring og oppfrisking av notekunnskap og speleteknikk. Me er svært gode på det sosiale på øvingane og på evalueringar i etterkant av oppdrag.
Noko å tenkje på er å mobliisere til 17.mai. Dersom ein framleis ynskjer å ha korpset med marsjerande i toget. Det er og lov å vere kreativ og kome med idear.
Stikk gjerne innom på ei øving, sjao og høyr,og slå av ein prat.
Vel møtt.