Korpskonsert på Mjølkeflaten 2016
For tiende gong skipar Lærdal turlag og Lærdal musikklag til kveldstur med korpskonsert på Mjølkeflaten. I år vert konserten tysdag 31. mai.
Konserten startar kl 18:00. Det tek om lag 30 minutt å gå til Mjølkeflaten, som er eit fint turmål i Lærdal sentrum. Startpunkt er frå Stødno eller Hedlerbrua.
Det vert enkel servering, korpsmusikk med Lærdal musikklag. Natursti med spørsmål for alle startar frå Hedler bru mellom 17:15 og 17:45.
Ta med naboen og kom på Mjølkeflaten til ei triveleg samkoma i friluft med både trim korpsmusikk og fuglesong!
Vel møtt til store og små :-)