Lærdal Musikklag

Julegateopning med korpsmusikk

Laurdag 26.november er det julegrantenning på Borgund, og søndag er det julegateopning på Øyri

Laurdag vil medlemmar frå musikklaget gleda dykk alle med speling av julesongar utanfor butikken på Borgund frå ca klokka 12.30, når lysa vert tende på julegrana.

Søndag er det lysmesse i Hauge kyrkje kl 16.00. Etter lysmessa er det fakkeltog ned til råduset der ordføraren skal tenne julegrana og julegata på Øyri. Omlag kl 17.30 vil Lærdal musikklag spre juleglede ved å spele julesongar.