Lærdal Musikklag

17 mai 2017

17 mai 2017
Tog på Borgund
Tog på Borgund

Vel blåst frå Lærdal musikklag.

 

Me starta dagen med speling ved vårt sjukehus. Der fekk me servert kaffi og kaker før spelinga. Dagen var noko grå i starten, men når korpset sine vakre tonar starta, kom solstrålane fram!

På ferdi vidare køyrde vår busssjåfør Jermund oss til Lærdal bu og omsorgsheim for deltaking i folketoget.

Me avslutta dagen med speling på Borgund. Her fekk me servering av mat og drikke, og kjekke ungar gav oss kvar si rose som takk for innsatsen. Tusen takk!