Lærdal Musikklag

Evalueringrapport

To av den fine Borgundsgjengen som i år var arrangør.
Althorngruppa stod for lett underhaldning på bussen
Althorngruppa stod for lett underhaldning på bussen
Småmessingen stod for endå lettare underhaldning...
Småmessingen stod for endå lettare underhaldning...
utan mat og drikke, duger heltane ikkje...
utan mat og drikke, duger heltane ikkje...
så blide og søte dei er...
så blide og søte dei er...

Evaluering er viktig. Lærdal Musikklag tek det særs alvorleg.

Lærdal musikklag har i mange år evaluert det meste me gjer i det offentlege rom. So også i år. Etter at me hadde spelt på Lærdalsmarknaden var det full mobilisering for å finne ut om det var noko me kan gjera betre.

Gjengen møtte edru og nyvaska på Essoen klokka 16.00. Det var opptil fleire bleike fjes, då rykta ville ha det til at nemndi hadde ekstrem-aktivitetar på programmet.
Det var Jermund sin tur til å køyra, og kursen vart sett austover. Før me forlet Øyri plukka bussen opp musikantar med både små og store organ. Og kaker!
Althodni hadde ansvaret for lett underhaldning i bussen. Den var lett, men alle skjøna den!

Undervegs fekk me omvising både i stavkyrkja og kraftstasjonen på Lo. Me spelte utanfor stavkyrkjesenteret med omlag like mange publikummarar som i Undredal. Deretter bar det til fjells og innviing av finmessingen sitt grupperom på Buhaugane

Der vart det mat og kviss, og nokre tok eit lite glas vin til maten som det høver seg i fint selskap. Kvissjuryen var nok litevetta korrupt, men slike kveldar ser me stort på det.

Kvart over elleve var me trøytte og overtalte Jermund til å køyra oss heim att.Endå ei vellukka evaluering var til ende, og Lærdal musikklag står godt rusta til oppstarten i haust. Då står det tur til Stockholm på programmet.
Takk til borgundsgjengen for ei minnerik evaluering.

   


Get Adobe Reader

Read file
 Evalueringsrapport orginaldokument, forfattar: LØV