Lærdal Musikklag

Musikklaget på rek 2014

Lærdal Musikklag har annakvart år hatt for vane å teke av si arme råd (ikkje musikklaget si) til å kosta på seg ein utanlandstur. Denne gongen til Budapest sidan dirigenten vår Dora David kjem derifrå. Det var «Torsteinapadl Ryk & Reis» som stod for arrangementet med gode medhjelparar, noko dei skal ha sin beste honnør for.
 

Sidan flyet gjekk tidleg om morgonen, måtte me ha ei liti overnatting på Gardermoen for å sleppa å køyra om natti. På flyplassen i Budapest fekk me ei budapest-dama som guide den gode halvtimen det tok inn til byen. Ho snakka flytande svensk og hadde smørt snakketøyet godt so me vart informert om mangt og mykje. Særs la ho vekt på at mannfolka ikkje måtte gå med lommeboki i baklomma, for det fanst lugubre typar i denne byen og.
Innkvartert på Hotel Matyas i umiddelbar nærheit av Donau, vart det litt avreagering før restaurantmiddag i kjellaren. I tillegg til mykje god mat, var det grepa underhaldning av ein skikkeleg sigøynerkvartett med dansarar. Rolf fekk til og med ynskjet sitt framført;  Morgenstemning av Grieg.
Fredag skulle me ha øving på ein «høveleg stad». Det vart eit hotellrom der det etterkvart vart rimeleg trongt om saligheita. Dora hadde i tillegg hanka inn ein lokal kompis, Franz, på bass. Etterpå vart det ein times spasertur langs Donau til ein restaurant for lunch. Langs elvebredden opplevde me dei sju bruene som kryssar elvi gjennom byen, men det som festa seg mest hjå dei fleste var små tavler mellom brusteinane som minna om dei ungarske jødane som vart skotne i 1944 og 1945.  I tillegg var det festa cirka 70 skopar på yste steinane mot elvi. Jødane fekk beskjed om å ta av seg skoa og stilla seg på ytste kanten før tyskarane skaut dei på elvi. Det var mange barnesko der…
Restauranten me kom til var ei oppleving: om folk feira gjebusdagar, forlovelse eller anna kom ein kelner med kake med brennande fakkel i tillegg til at høgtalarane spelte «Happy birthday». Me opplevde bortimot 10 flammande kaker medan me sat der. Deretter tok dei fleste ein topplaus rundturbuss, men det var ein som «hengde att etter kjeften», så for tre av oss vart turen noko kortare. Likevel tok Birgit og Siv ansvar for «den eldre» så me kom oss til rettes att før kvelden var omme. På den turen opplevde me ein gatemarknad med musikarar nesten på størrelse med Lærdalsmarknan. Det rauk nokre ungarske Forint der.
Laurdag skulle me ha konsert i Budapest Zoo i beste vitjingstid, der me i tillegg til Franz på bass fekk med oss Susie på fløyte. Grepa konsert og brukbart med publikum. Monique fekk praktisera morsmålet sitt då det kom nokre nederlendarar for å slå av ein prat. Før konserten hadde me oss ein rundtur for å sjå på dyri, svært kjekt, men me tykte synd i brunbjørnane. Dei spaserte 10 meter fram og attende på ei fjellhylle attmed eit lite vatn.
Deretter var det lunch i ein celeber restaurant, der m.a. dei som dreiv med Formel 1 møttes, kunne Dora fortelja. Franz kunne fortelja om regjeringa som både han og fleire ikkje tykte var heilt patent. Noreg har sendt pengar til Ungarn for veldedige formål, Norgesfondet,  men som regjeringstoppane privat hadde teke mykje av. Så at her var korrupsjon, var ålment.
Heimatt til hotellet måtte me som har store organ/instrument ta taxi. Vår sjåfør var ikkje så sprek i engelsk, men han kunne då litt. Denne laurdagen hadde bystyresmaktene sperra av ein deler av bykjerna, køyrt på tonnevis med sand i gatene og arrangert hesteveddeløp. Noko som gjorde at vår kjære sjåfør måtte ta omveger. Då me spurde kva hans meining om dette og bystyret var, svara han «Idiote!» Grei forklaring.
Til laurdagsmiddagen om kvelden skar det avgarde med ein halvtimes busstur opp til ein restaurant med panoramasyn over heile Budapest. Sidan det var mørkt vart det ikkje noko fotografering, men me hadde tre kjekke timar der og Dora hadde mor si med.
Søndag var det berre å pakka snippsekken og flyga heimatt.
Av inntrykk ein sit att med kan nemnast at ei av de fyrste bruene dei bygde over Donau for over hundre år sidan hadde to køyrefelt i kvar retning, to trikkespor, to sykkelspor og to gangfelt. Eigne sykkelfelt var det nesten overalt. Det fanst 75 stasjonar for elektriske syklar, den eine rett utanfor hotellinngangen vår.
Det var og lett å skjøna at Donau har vore Riksveg 1 frå fordums tider, for dei største og viktigaste bygningane låg nærast elvi. Mange av dei bar preg av å vera fleire hundre år gamle. Elvedamparar eller elvepramar med plass til hundrevis av folk låg tett langs bredden der dei reklamerte for skyssbåttrafikk, enkelte heilt opp til Zürich. Må og ta med at fleire av våre hokjønn måtte innom ein Spa-sak, der det finst bilete av nokre som bløytte tåfisen sin. Tiggarar såg me ikkje, berre 4-5 uteliggarar under ei bru.
Alt i alt ein sværande fin tur, der me gjev turnemndi dei beste skussmål. Honnør vil me og gje til Siv som tok turen eins ærend frå Albir i Spania så ikkje undertegna vart sitjande åleine i «kjøkenseksjonen». Vel blåst alle saman!
 Elle

   

Budapest