Lærdal Musikklag

Marknadsblåst 28. - 29. september 2013

Korpstreff i Lærdal

Lærdal musikklag skipar til korpstreff laurdag 28.september 2013. Det er påmeldt fire korps: Årdalstangen musikklag, Øvre Årdal janitsjar, Sogndal musikklag og Sandvikens Ungdomskorps frå Bergen.

Det vert masse korpsmusikk i bygdi denne dagen. Aspirantar frå Årdal kjem for å delta på seminar. Dei skal og opptre saman med  Sandviken ungdomskorps i Kvammegården. «Buskspel» rundt om på Øyri vert det og utekonsert i Kvammegården med Sandvikens Ungdomskorps.

På ettermiddagen skal alle korpsa delta på konsert i Lærdalshallen. Her vert det musikkstafett og eigen konsert med Sandvikens Ungdomskorps og solistar. Konserten vert avslutta med fellesnummer der alle dei 150 musikantane deltek.

 

Me gledar oss til denne korpsdagen og ynskjer at dette skal bli eit løft for korpsmusikken og ein inspirasjon for å halda liv i korpsrørsla i Indre Sogn.

Korpstreffet vert og ein arena for å knyta band mellom kommunane våre.

 

Lærdal musikklag ynskjer alle velkomne til å komma og høyra på korpsmusikk både ute og inne!

 

 

 

Program

 

Laurdag 28. september
 

09.00-11.00  Seminar for aspirantar

11.00-12.30  «Buskspel»
                        Kvart korps får tildelt speleplass og kan spela so lenge dei ynskjer.                      

12.30-            Konsert i Kvammegården med Sandvikens ungdomskorps og aspirantar

13.30-15.00  Felles lunsj i ungdomshuset på Øyri for alle musikantar

15.00-15.45  Øving fellesnummer (i Lærdal fleirbrukshall)

16.00-18.00  Konsert i Lærdal fleirbrukshall

                        Stafett speling mellom Årdalstangen, Øvre Årdal, Sogndal og Lærdal  
                        Sandvikens ungdomskorps med solistar

                        Avslutning med fellesnummer

19.00-            Fest med middag og dans i Borgund samfunnshus og Postaabneriet Pub og Cafe
 

Søndag 29. september

 

13.00          Konsert i Lærdal kulturhus med Sandvikens Ungdomskorps