Lærdal Musikklag

Vårkonsert på Ljøsne

Lærdal musikklag sin vårkonsert i gymsalen på Ljøsne skule tysdag 19. mars vart ei triveleg stund for både publikum og musikarar. Ute var det på langt nær vår, fem minusgrader og vind! Det var godt å komma inn i varmen og kosa seg med kaffi og kaker, prata med kjenningar og høyra fin musikk.
Arrangøren takkar alle for at denne kvelden vart vellukka. Takk til publikum som skapte fin stemning i salen. Takk til Dora og Joakim for vakker klassisk musikk Kjekt var det å høyra felegruppa frå Aurland musikk- og kulturskule med Hallgrim Skjerdal som lærar. Bra for bygdene våre at det er ungar som er med og vidarefører denne musikken.
Takk òg til alle som bidrog med vinstar.
Elle Hovland er alltid med og skapar stemning, denne kvelden både på trekkspel og som indianar!
Lars Øyvind Vikesland hadde ei anna rolle på denne konserten, han var konsertleiar i staden for klarinettist. Oppgåva klarde han med glans. Me vonar han er tilbake i klarinettrekka snart. Me har og plass til fleire musikarar i rekkene, så det er berre å hive seg med! Det er gledeleg at me har fått to nye musikarar etter jul. Carsten Wind Hansen har starta på saksofon, og Jon Sander Sjøthun Nedberge er med Elle i slagverkgruppa. Det er spesielt kjekt at me har fått med yngre krefter i korpset. Vonar Jon Sander kan dra med seg fleire.
Korpset har øvd heile vinteren til denne konserten, og me var godt nøgde med gjennomføringa. Det vart som planlagt, ein triveleg kveld på Ljøsne.

Foto: Lars Øyvind Vikesland