Lærdal Musikklag

Lærdal musikklag - oppstart av sesongen 2016-2017

- frå Ungarn til Nederland

Lærdal musikklag startar opp att øvingane sine tysdag 23.august 2016. Me øver i musikkrommet på Lærdalsøyriskule frå kl 19.00-21.00.


Nytt av året er at me får ny dirigent, Suzan Erens. Ho er frå Nederland og overtek dirigentpinnen etter ungarske Dora David som skal ha permisjon denne sesongen.
Suzan Erens er songarinne og dirigerer også koret i Auraland.  Om det går som me planlegg, kjem publikum til å få høyra ho saman med korpset på konsertar me skal delta på utover hausten. Me kjem og til å samarbeide om felles melodiar med Lærdal Songkor denne hausten.


Ei helg i september vert det korps seminar saman med Flåm musikklag.


Elles kjem musikklaget til å delta på dei tradisjonelle  tilstellingane utover hausten, mellom anna på haustmarknaden, julemarkedet og julekonsert i Hauge kyrkje. Medlemmane i musikklaget deltek og alltid på gudstenesta julaftan og me spelar julemelodiar på Lærdal sjukehus og Lærdal bu- og omsorgsheim like før jul.
Me ynskjer gamle og nye medlemmar velkommen til ein ny og spennande musikalsk haust og vinter.

Lærdal musikklag - styret