Lærdal Musikklag

Vellukka korpskonsert med karneval.

Fredag 2.mars 2012 skipa Lærdal musikklag til korpskonsert med karneval. Tilstellinga starta kl 19.00. Frå kl 17.30 selde 10.klasse karnevalsmat i kafeen.

Me inviterte alle sambygdingar (store og små, gamle og unge) til årets hending i Lærdal kulturhus. Mange hadde rota i skap og skuffer etter klede, funne fram parykken, eller tupèrt håret. Mange flott utkledde kom.

Fine premiar vart delt ut i ulike klassar, av juryen som var godt kvalifisert: Varaordførar Johan Nes, sokneprest Helene Langeland, og fungerande lensmann Per Tomas Klingenberg.

Det vart levert forrykande korpsmusikk av Flåm musikklag og Lærdal musikklag. Anne Nedrehegg frå Borgund utvikling held god orden på dei utkledde og leia konserten. I foajeen var det taffelmusikk med Elle og Roger.

Kvelden vart avslutta med FYRVERKERI!!

Tusen takk til alle som kom og gjorde kvelden vellukka!!!

Sjå kommentar og bilete på http://www.porten.no


Lærdal musikklag