Lærdal Musikklag

Lærdal musikklag 90-år

1.april 1925 er skipingsdatoen til Lærdal musikklag. Musikklaget har vore med å kasta glans over mang ei hending opp gjennom desse åra, og må seiast å vera ein viktig kulturberer for bygdi.

Frå soga til laget står det mellom anna; «Det vart prøvd å starta opp musikklag i 1916, men oppslutnaden var då ikkje stor nok. Det gjekk mange år, og etter kvart kom eit påtrykk frå folk i bygda om å få i gang eit musikklag. Interessa var stor, og 1.april 1925 vart Lærdal Musikklag eit faktum.

Olav Hundshammar var musikklaget si eldsjel i starten. Det vart fortalt at han kjøpte instrument utan pengar, for så i etterkant laga i stand basar for å få inn pengar å betala dei med. Det vart nytta ulike metodar for å skaffe inntekt til musikklaget. Det vert fortalt at det vart kjøpt instrument for ei kvart tønne spekesild. Banken i Lærdal var òg ei viktig kjelde til finansiering.»

Musikklaget opplever framleis at det er eit påtrykk frå folk i bygda at det skal vera eit musikklag, spesielt i maidagane. Me slit og med å ha nok peng i korpskassa til å halda liv i korpset. Slik sett er det mykje som er som det var for 90 år sidan. For dei som er medlemmar i korpset i dag, er det ein fantastisk hobby som og er viktig for bygda. Me opplever og at korpsmusikken vert sett pris på, og er ynskt velkommen der me deltek.

Medlemane i laget i dag, har bestemt at 2015 skal markerast. Me skal på turne i kommunen og minnast både dei fyrste åra og musikklaget i nyare tid. Planen er å halda konsert i bygdelaga, frå Borgund i aust til Frønningen i vest. Det vert fleire stopp under vegs. Me kjem og til å invitera med oss andre musikarar på dei ulike konsertane, for å syna breidd i musikklivet som Lærdal har å by på. Fotodokumentasjon frå korpset si historie vert og viktig for å minnast. Me tek svært gjerne imot foto av Lærdal musikklag si 90-årige historie. Har du foto til oss, av eldre eller nyar dato, ta kontakt med han Elle!

Du som på eit eller anna tidspunkt har vore med å spelt i Lærdal musikklag er hjarteleg velkommen til å vera med å spela med oss på jubileumskonserten me har planlagt laurdag 25.april. Me kjem til å plukka ut ein «god gamal slager» som me ynskjer at flest muleg vert med å spela! Det vil bli fellesøving før konserten. Dei som ynskjer å bli med kan melda seg på til laerdal.musikk@gmail.com Gå ikkje glipp av årets happening!! Me vonar og at ein slik oppleving kan kveika liv att i korpsinteressa og at det fører til fleire medlemmar i korpset. Det treng me.

Og ikkje minst, me gledar oss til dei planlagde konsertane og vonar du kjem for å høyra på!


Lærdal musikklag kjem til bygda
Borgund samfunnshus tysdag 24.mars 2015 kl 18.00
Jubileumskonsert i Lærdal kulturhus laurdag 25.april kl 17.00