Lærdal Musikklag

Nytt korpsår i Lærdal musikklag - 2014-2015

Tysdag 19.august 2014 kl 18.00-20:15 i musikkrommet på Lærdalsøyri skule.

Dora David held fram som Lærdal musikklag sin dirigent. Det er me svært glade for.

Fyrste øvinga startar me "litt forsiktig". Det vert speling og prating. Styret har bestemt at me skal planlegga sesongen saman med alle korpsmedlemmane, so det vert ei økt med idemyldring.

Vel møtt til ny korpssesong :-)