Lærdal Musikklag

Korpskonsert på Mjølkeflaten 26.mai 2015

Lærdal musikklag på turne

I høve korpset sitt 90-årsjubileum er me på turne i kommunen.
Tysdag 26. mai var det utekonsert på Mjølkeflaten. Dette er ei årviss hending som korpset samarbeidar med Lærdal turlag om å skipa til.
Det er natursti for alle med premiering. I år vart dei heldige vinnarane Bente Yttri, Marita Måseidvåg og Olaf Hjermann.
 
Det er og servering av bakels, kaffi og saft.
 
Trass i det kalde vårveret var det samla kring 100 personar denne kvelden. Det var stor stemning og fuglekvitter lika vel.
 
Korpset og turlaget er godt nøgde med frammøtet og takkar alle som tok turen.


 
Foto:
Det var Asle Skalle som trekte vinnarloddet denne gangen - han fekk bera stortromma til Elle.

 
Foto: Magnhild Aspevik